lørdag 13. august 2011

1 veke igjen + diverse praktisk informasjon

Ei veke igjen!!
Heilt utruleg:)
Vi gler oss enormt no.

Oppsummering av praktisk informasjon:


  • Grillfest på fredagen, masse god grillmat med velkomst frå ca kl 19 30
  • Vielse på lørdag kl 1500, ta gjerne med egen bil om du har høve, parkering av Avlsgarden
  • Slottsvanding og velkomst i Baroniet like etter vielsen, med påfølgande middag 
  • Telefonnummer til Toastmaster Hege er 997 45 542
  • Husk å kle deg etter vêret. Det blir varmt i teltet, med ein kort spasertur til toalett. I tillegg skal vi benytta oss av dei to små lokala rundt teltet, så ei lita jakke eller paraply kan vera greit å ha om det er ruskevêr. 
  • Tur til Bondhusvatnet på søndagen, ta på vanlege turkle etter vêr- og føreforhold. Oppmøte på kaien i Rosendal kl 1200. Gje ei tilbakemelding dersom du ikkje har skyss.
Kart frå Kvinnherad Kyrkje til Baroniet (parkering på Avlsgarden) Trykk på bildet for å forstørre.



Ha ei fortsatt fabelaktig helg:)


lørdag 6. august 2011

2 veker igjen + utdrikningslag

Då var det kun 14 dagar igjen:) Hurra!
No har vi begge vore (er) i utdrkningslag. Det er utrulig kjekt, burde egentlig blitt gjort oftare:)

Brura var for 14 dagar sidan, og stikkord her var; latter, tårer, glamour, rebusløp, sminke, fotograf og poledansing. Det var over all forventning og brura hadde "the time of her life".
Forlovar Kari og dei andre jentene hadde verkelig gjort ein fabealaktig jobb!
Tusen takk!

Fotograf Cathrine Esbensen





Brudgommen er i utdrikningslag akkurat no, og vi har fått tak i nokre blindskudd frå Facebook. Vidar (forlovar) har arrangert tur til Flåm og på vikingleir. Det ser ut til at dei har det fantastisk morsomt!

Fotograf Trond Aasen

Så dersom brudgommen kjem seg heim ila helga og tilbake til rett tidsalder, så nærmer vi oss veldig å være klar for den store begivenheten!

Ha ein fabelaktig laurdag!