søndag 29. mai 2011

Antrekk 2

Vi har fått nokre tilbakemeldingar på at ikkje alle tok den geniale spøken vår om antrekk, i innlegget "Antrekk":) Kleskoden for bryllaupet er mørk dress. Det betyr at våre mannlege gjester skal sjølvsagt få ha dress på, det er altså kleskoden. Men brura ser fortsatt helst at jentene ikkje kjem i kvit lang kjole med slep og slør:) Lang eller kort kjole - det er ditt valg:)
Ta gjerne kontakt om noko er uklart. 


Ha ein fortreffelig aften!

lørdag 28. mai 2011

Grillfesten 19.aug

Fredag 19.august vert det som kjent grilling på Rosendal Turisthotell. Brudefylgje er på plass frå kl 19:30. Maten blir servert frå kl 20:00:) Det blir masse spennande på grillen og godt tilbehør, det blir altså noko for ein kvar smak. 

Meld gjerne i frå om dåke kjem seinare enn dette, eller ikkje har mulighet til å komma.  

Vi har fått gode prisar på øl (50 kr) og vin (50 kr glass 280 kr flaske). Reknar med å avslutte festivaset ein plass mellom 23:00 og midnatt. 
 
Her er eit bilde av oss fyrste frå fyrste gangen Øystein var i Rosendal. Vi sit på uteserveringen til Turisthotellet i anledning Rosendal Musikkfestival.



Ha ein fin laurdag!

onsdag 25. mai 2011

Det fyrste møte

Vi har hatt ei kjempe flott helg saman i Rosendal, det fyrste møtet gjekk veldig bra! Her kjem eit lite bilderas frå helga. 
Hytta til gjestene, Folgefonn feriegard

 Her er vi ein liten pit-stop på Årmann for kaffi og kaker.


 Jo Elias (brudgommens bror) leika med bokstaver:)

Bevis på våren! Sjølv om det kan sjå ut som det er haust her på vestlandet, så er det altså vår. Her er det irrgrønt i allèen opp til Baroniet.
Jo Elias fant ein super gøymeplass!

 
Her er (nesten) alle samla foran Baroniet

Kjetil (brudens bror) og Hilde (hans kjære) til bords i Baroniet - klar for bryllaupsmiddag:)
 
Jo Elias slår Håvard (brudgommens bror) og Knut Johannes (brudens far) ned i støvlane i handback! Er det ikkje slik ein driv med på slottsmiddag?:)
Knalltøft bilde av Jo Elias på "Rosendalsborken", ein statue av ein hest i sentrum. 


Ha ein strålande kveld

fredag 20. mai 2011

Fam. Ørstavik Torvund til Rosendal

Denne helga kjem familien Ørstavik Torvund til Rosendal for fyrste gong:) Vi gler oss alle stort til å møtast. Det er fyrste gangen familiene treffes, så det blir spennande.
Vi skal blant anna på middag på Baroniet Rosendal, der skal vi få servert bryllaupsmiddagen inne i slottet av kokken "vår" Jean-Francois Morille . Menyen er sjølvsagt vokta som ein statshemmelighet:)
Ellers blir det nok litt farting rundt om kring på bryllaupslocations, og det som vi måtte få lyst til etter kvart.

Ønsker alle ei god helg!:)



onsdag 18. mai 2011

Gratulerer med dagen, i går:)

Vel overstått 17.mai:) Vi feira dagen med champagne frukost hos oss i Bergen. Ellers fekk vi med oss hovedposisjonen, regnet, deilig middag på indisk restaurant og nysteikte vafler!
Det var ein kjempe flott dag! 

Litt morsomt bilde av oss med musikkpaviljongen:)



tirsdag 10. mai 2011

Antrekk

 Vi har fått nokre spørsmål om antrekk, og tenkte å skriva nokre ord om det. Bryllaupet skal vera i telt i ein hage, men samtidig er nærmaste nabo eit slott - eller Noregs einaste Baroni:) Vi har ingen strenge retningslinjer for kva gjestene skal ha på seg, det viktigaste er at du føler deg vel! Når vi googla antrekk bryllup fant vi at "Mørk dress" er det som passer best. Både kort og lang kjole går fint, men helst ikkje lang kvit kjole med slep og slør;) Øystein ser helst at ikkje dei mannlige gjestene har på dress, men gjerne eit slips:):)


lørdag 7. mai 2011

Overnatting

Trenger dåke tak over hovudet i bryllaupshelga? Det kan være lurt å være tidleg ute. I Rosendal fins det ein god del alternativer å velge mellom. 

Baroniet Rosendal, overnatting på Avlsgarden. Her kan de overnatte i romantiske omgivelsar på den gamle garden som høyrer til Baroniet. Den er ein kort spasertur frå der bryllaupet skal vera. Det er enkel overnatting, med dusj og toalett på gangen. Men det er nok ei flott og annerledes oppleving. Her må dåke nevne våre navn for å få booka.



Fredag 19.august blir det som kjent grillfest på Rosendal Turisthotell, her fins det også overnatting.

Rosendal Motel tilbyr rimelig overnatting, motellet ligg litt nærmare sentrum enn Fjordhotellet. Det er god standard, uten frukost men med kjøkken. 

Rosendal Fjordhotell er den største overnattingsstaden i Rosendal. Hotellet ligg vakkert til ved sjøen, ca 10 min gårtur til Rosendal Turisthotell og ca 20 min til Baroniet. Dersom de ber om rom i den nye fløyen og med havutsikt, får dåke dei beste romma.


Det er også mogeleg å leige hytter, sjå blant anna her Folgefonn Feriegard.

Ta kontakt med oss om dåke har spørsmål:)