lørdag 16. juli 2011

Mellom vigsel og middag + bar

Vi var så heldige at vi fekk sjølv velga klokkeslett til vigsla på vår bryllaupsdag:) Vi valgte kl 1500 for då blir ikkje ventetida mellom kyrkja og middagen så lang. Når vi er ferdige i kyrkja køyrer brudeparet til Baroniet for fotografering. Våre flotte bryllupsgjester dreg òg til Baroniet, vi anbefaler å køyre bil siden det er eit lite stykke å gå. Oppfordrer også dei som har bil til å køyre slik at vi får med oss mest mulig folk. Kjem du ikkje i bil, så skal vi alltid ordna transport:) Gje oss gjerne ei tilbakemelding på det.

Det er mogeleg å parkere på Avlsgarden like nedanfor slottet. Dersom det sit folk i billettluka inn til hagen, så sei bare at dåke er bryllupsgjester og slepp då sjølvsagt å betale.
    Ved ankomst til Baroniet blir det velkomst i Borggarden, fotografering og slottsvandring. De vil då få mulighet til å sjå Baroniet på innsida:)

    Etter middagen vil alle gjestene få nokre bongar til baren, dersom det er ynskjeleg med meir i glaset så blir det på eiga regning. Baren tar både kort og kontanter:)


    Ha ein fortryllande laurdag!


    Ingen kommentarer:

    Legg inn en kommentar