lørdag 25. juni 2011

Tur til Bondhusvatnet

Her kjem litt informasjon om den flotte turen vi skal ha i lag på søndag 21.august til Bondhusvatnet. For å komma til dit må vi køyra ein halvtimes tid frå Rosendal til Sundal. Har du ikkje bil eller skyss, ta kontakt:) Vi møtes på kaien i Rosendal (ved Turisthotellet) kl 1200 og køyrer i lag.

Vel framme i Sundal går vi inn til vatnet, det er grusveg heile vegen og tar ca 30-45 min. Om vêret tillet det så har vi oss ein liten matbit ved vatnet levert av Olaløo, ta gjerne med drikke sjølv ved behov. Dersom det mot formodning skulle vera skikkelig ruskete så tar vi matbiten på Olaløo der vi parkerer. Olalø er særmerkja som ein av dei beste gardsrestaurantane i Noreg. 

Vi reknar med å vera tilbake i Rosendal i 15 tida, men avreise kan dåke styre litt sjølv:)

fredag 24. juni 2011

Endra tidspunkt

Vi har bestemt oss for å utsetta grillfesten på fredag 19.august med 1 time. Då får alle tid til å komma seg til Rosendal og innstallere seg på overnattingsstaden. Grillfest blir det då fra kl 19:30:)

Ha ein fabelaktig fredagskveld!

søndag 19. juni 2011

Husk å bestille overnatting

Minnar om at det er lurt å bestille overnatting på forhånd. For meir detaljar sjå tidlegare innlegg om overnatting. 

Ha ein flott solskinns søndag:)

tirsdag 14. juni 2011

Brudeferd i Hardanger?

Det kjende bilete av Tidemann og Gude beskriver kanskje korleis ein kom seg til bryllaup i Hardanger før i tida. Eit nydelig bilete! Men vi kan dessverre ikkje lova at det blir salutt og felespeling på reisa til Rosendal:)


Det vi kan lova, er at det er relativt enkelt å koma seg hit. Dersom du ikkje ynskjer å køyre bil, passar det kanskje med båt frå Bergen? Båten tar under 2 timar, dreg direkte frå Strandkaien (innom Flesland) og legg til midt i Rosendal sentrum. Ellers går det buss frå Bergen busstasjon, den tar ca 3 timar. 


Kjører du eigen bil så anbefaler vi å bruke Google Maps kjøreanvisning
Ta gjerne kontakt om dåke har spørsmål. 

Ha ein fortreffelig dag!


lørdag 4. juni 2011

Taler, underholdning og toastmaster

No nærmar det seg den store dagen med stormskritt! Plutselig var det juni - noko som føltes som ein evighet til i januar. Då er det kan kanskje på tide å introdusere vår flotte toastmaster:)
Ho heiter Hege Sætveit Eikenes og er brudens barndomsveninna. Hege er ei sprudlande blid jente frå Rosendal som tok oppdraget på strak arm.


Vi ynskjer ikkje å sitte så lenge tilbords, så difor er talelista full under middagen. Men dersom nokre av gjestene våre vil ha underholdningsbidrag og lignande etter middagen, er dåke hjertelig velkommen til det!

Ta kontakt med Hege på telefon 997 45 542 eller hegeeikenes@hotmail.com

onsdag 1. juni 2011

Allergier

Har du nokre allergier så vil vi gjerne veta om det, ring oss eller skriv ein e-post.
torvun (at) hotmail.com
 mariannehelvik (at) hotmail.com


Ha ei kjekk langhelg:)