lørdag 30. juli 2011

3 veker igjen + Bryllupsreisa

No er det kun 3 veker eller 504 timer eller 30 240 minutter til bryllupet:)

Vi bestemte oss tidlig for at vi ville reisa på bryllupsreise ganske med ein gang etter bryllupet. No har vi spikka og spart, og er superklar for å forlenga bryllupet med ei fantastisk reise!
Turen går til USA, og reiseruta ser slik ut:

Mandag 22.august reiser vi til New York. Her skal vi bu midt på Manhattan på eit romantisk hotel The Library Hotel 


Etter nokre avslappande og opplevelsesrike dagar reiser vi videre til Las Vegas! Her skal vi bu på Bellagio, som er litt av eit landemerke i byen. To dagar blir vi her og tar inn galskapen og gambler litt.



Så reiser vi til ein heilt annarleis by, nemleg San Francisco. Her skal vi bu på eit lite hotell med kun 26 rom, så det blir nok ein stor kontrast til Bellagio sine nesten 4000 rom; Petite Auberge


Til slutt, når vi ikkje trudde det gjekk an å reise lengre vekk heimante; Hawaii! Det blir ei god veka her på øya Kauaì og Westin resort i Princeville



Dette blir ei drømmereise for oss!:)

søndag 24. juli 2011

4 veker igjen

Det er kanskje på tide å begynne med ein liten nedtelling:) Det er no kun 4 veker igjen! Hurra!
Vi meinar å ha det meste under kontroll, og gler oss no berre til å feire i lag med alle dei vi er glad i tre fabelaktige dagar.
Vi snakkast snart i Rosendal:)

Brudeparet i solnedgang på Gran Canaria nyttårsaften 09/10

mandag 18. juli 2011

Utdrikningslag

Verken bruden eller brudgommen har endå vore i utdrikningslag! Wæææ! Vi er veldig spent og gler oss:)


Bilde frå filmen "Hangover".


lørdag 16. juli 2011

Mellom vigsel og middag + bar

Vi var så heldige at vi fekk sjølv velga klokkeslett til vigsla på vår bryllaupsdag:) Vi valgte kl 1500 for då blir ikkje ventetida mellom kyrkja og middagen så lang. Når vi er ferdige i kyrkja køyrer brudeparet til Baroniet for fotografering. Våre flotte bryllupsgjester dreg òg til Baroniet, vi anbefaler å køyre bil siden det er eit lite stykke å gå. Oppfordrer også dei som har bil til å køyre slik at vi får med oss mest mulig folk. Kjem du ikkje i bil, så skal vi alltid ordna transport:) Gje oss gjerne ei tilbakemelding på det.

Det er mogeleg å parkere på Avlsgarden like nedanfor slottet. Dersom det sit folk i billettluka inn til hagen, så sei bare at dåke er bryllupsgjester og slepp då sjølvsagt å betale.
    Ved ankomst til Baroniet blir det velkomst i Borggarden, fotografering og slottsvandring. De vil då få mulighet til å sjå Baroniet på innsida:)

    Etter middagen vil alle gjestene få nokre bongar til baren, dersom det er ynskjeleg med meir i glaset så blir det på eiga regning. Baren tar både kort og kontanter:)


    Ha ein fortryllande laurdag!