søndag 24. april 2011

Velkommen til vårt bryllup!

No er programmet for bryllaupet vårt klart for å sjå dagens lys. Vi har ikkje alle klokkeslett, praktisk informasjon og andre detaljar klart ennå - men det nærmar seg. 

Fredag 19.august - Grillfest på Rosendal Turisthotell:)
Rosendal Turisthotell ligg midt i Rosendal sentrum, like ved hurtigbåtkaien. Hotellet er eit gammalt sveitserhus frå 1887, og har gjennomgått ei omfattande oppussing dei siste åra. Her skal vi kose oss på grillfest dagen før dagen:) Meir detaljar kjem.


Lørdag 20.august - Vigsel i Kvinnherad Kyrkje kl 15:00
Kyrkja var bygd i ca 1250 i stein og kalk.
Baroniet i Rosendal, som vart oppretta i 1678, var eigar av kyrkja heilt fram til 1910.
Den første baron Ludvig Rosenkranz, hans familie og seinare baronar,
ligg balsamert i gravkapellet.
Kyrkja ligg på ein liten bakketopp i sentrum av Rosendal. Det er ein fin gåtur fra kyrkja til Baroniet, men det kan kanskje vært lurt å unngå dei aller høgaste skoa:) 


Festmiddag i Baroniet Rosendal, festtelt ved hagerestuaranten.
Baroniet Rosendal er Norges einaste Baroni.Det blei oppretta i 1678 av kong Christian V av Danmark. Sjølve slottet sto ferdig i 1665, og drivast i dag som eit levande museum med omvisninger, konserter, foredrag, teater, kunstutstillinger, overnatting og servering.
Her sett vi opp eit stort telt, dekka og klart til middag og fest. Teltet er solid og robust og skal takla alle tenkelege vêrforhold. Det vil også vera godt med varme inne i teltet. Men det kan være lurt å kle seg litt etter vêret, då toaletta er ein 15 meter gåtur frå teltet. Vi har sjølvsagt bestilt strålande sol, så det er nok ikkje noko å tenke på:) 


Søndag 21.august - Tur til Bondhusvatnet
Vi ynskjer å avslutta ei fabelaktig helg med ein frisk tur til Bondhusvatnet. Bondhusvatnet ligg ein god spasertur frå Sundal, ein halv times kjøring frå Rosendal. Det er grusveg heile vegen, og passar for folk i all slags fysisk form:) Turistar har valfarta inn Bondhusvatnet sida 1800 talet for å oppleva storslått natur. Turen er lett å gå, eller sykle på ein grusveg som ber på ei historie.
Traseen vart i si tid nytta til å frakte eksklusive isblokker ned til fjorden,derav namnet Isvegen



Dersom du ynskjer meir informasjon om Rosendal, sjå her: http://www.rosendal.net/

Dette var fyrste innlegget vårt:) Mange fleire kjem! Still oss gjerne spørsmål dersom det er noko de lurer på.

Velkommen til Rosendal 19-21.august:)


6 kommentarer:

  1. Kjempe flott side,flinke dåke er:) Gleder meg stort:)

    SvarSlett
  2. Detta blir årets høgdepunkt i basarbygdo :)
    Flott blogg!

    SvarSlett
  3. Så fin blogg,, GLEDA MEG til å feire dåke!! Klem Hege

    SvarSlett
  4. Har allerede kjøpt presang men savner invitasjon.Kjempeflott blogg.Helsing Torres

    SvarSlett
  5. Så fin blogg de har laga! Og vi gler oss til feiringa. Og om bygda viser seg frå same side som den blir presentert her, så kan vel ikkje ramma rundt feiringa blir betre.
    Helsing Oddveig

    SvarSlett
  6. Tusen takk for kommentarene alle sammen:)
    Vi har bestilt nydelig vêr Oddveig, så vi får håpe at det blir høyrt:)

    Vi gler oss veldig til presang fra sjølvaste Fernando Torres (les; katten vår)

    SvarSlett