lørdag 25. juni 2011

Tur til Bondhusvatnet

Her kjem litt informasjon om den flotte turen vi skal ha i lag på søndag 21.august til Bondhusvatnet. For å komma til dit må vi køyra ein halvtimes tid frå Rosendal til Sundal. Har du ikkje bil eller skyss, ta kontakt:) Vi møtes på kaien i Rosendal (ved Turisthotellet) kl 1200 og køyrer i lag.

Vel framme i Sundal går vi inn til vatnet, det er grusveg heile vegen og tar ca 30-45 min. Om vêret tillet det så har vi oss ein liten matbit ved vatnet levert av Olaløo, ta gjerne med drikke sjølv ved behov. Dersom det mot formodning skulle vera skikkelig ruskete så tar vi matbiten på Olaløo der vi parkerer. Olalø er særmerkja som ein av dei beste gardsrestaurantane i Noreg. 

Vi reknar med å vera tilbake i Rosendal i 15 tida, men avreise kan dåke styre litt sjølv:)

1 kommentar:

  1. Vi kan få kjøpa drikke i Olaløa før vi går turen inn til Bondhusvatnet.Ellers kan vi jo drikka vatn frå isbreen når vi kjem inn....

    SvarSlett