tirsdag 14. juni 2011

Brudeferd i Hardanger?

Det kjende bilete av Tidemann og Gude beskriver kanskje korleis ein kom seg til bryllaup i Hardanger før i tida. Eit nydelig bilete! Men vi kan dessverre ikkje lova at det blir salutt og felespeling på reisa til Rosendal:)


Det vi kan lova, er at det er relativt enkelt å koma seg hit. Dersom du ikkje ynskjer å køyre bil, passar det kanskje med båt frå Bergen? Båten tar under 2 timar, dreg direkte frå Strandkaien (innom Flesland) og legg til midt i Rosendal sentrum. Ellers går det buss frå Bergen busstasjon, den tar ca 3 timar. 


Kjører du eigen bil så anbefaler vi å bruke Google Maps kjøreanvisning
Ta gjerne kontakt om dåke har spørsmål. 

Ha ein fortreffelig dag!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar