tirsdag 13. september 2011

Lykkelig gift

Då er vi endelig blitt mann og kone:) 

Det er ein kjempe fin følelse. 

Bryllaupet, 3 dagar til ende, gjekk over all forventing. Det var verkelig ein draum, så utrulig masse flotte folk som var med å feira dagen med oss. Tusen takk til alle sammen!

Vi er så takknemmlige for all hjelp og støtte vi har fått i forbindelse med bryllaupet. Og det såg verkelig ut til at gjestene koste seg masse. Heile helga blei ein stor opplevelse for oss. 
Det er overveldande å sjå kor mange gåver vi har fått, siden vi reiste like etter bryllaupet så har vi ikkje hatt nok tid til å ta inn alt. Derfor gler vi oss stort til å kose oss med å lese dei fine orda dåke har skreve, og å gle oss over dei flotte gåvene.

På søndag kom vi heim frå ei svært opplevelsesrik, avslappande og spennande bryllaupsreise. Nokre av høgdepunkta var:

bylivet i fabelaktige New York med gule taxiar og mykje liv 
å bu på Bellagio i Las Vegas og Cique du Soleil showet
kveldstur til Alcatraz i San Francisco og tur til vingårder i Samona
dagleg strandsafari på vakre vakre Kauaì på Hawaii og ziplining i jungelen
meir om reisa seinare.....

Det er nesten litt vanskelig å beskrive korleis vi opplevde dagane, men vi har no fått nokre smakebitar på bilder tatt av ein av våre gjester og kollega, Cathrine Esbensen. Tenkte å dela nokre av dei med dåke:)











4 kommentarer:

  1. Godt å ha dåke heime igjen.Vakre bilder som minner oss om den fantastiske helga.For eit vakkert brudepar

    SvarSlett
  2. Igjen gratulerer så masse :-)
    Nydelige bilder av et vakkert brudepar <3
    Lykke til videre med kjærligheten og ekteskapet! Klem :-)

    SvarSlett
  3. Tusen takk for da:)
    Vi er strålande fornøyde!
    Takk for lykkeønskningar, håpar du har det kjempe fint.

    SvarSlett